Opprykk for Sognefjorden Næringshage

torgeir-skålid.jpg

SIVA er svært nøgde med utviklinga av næringshagen og har vald å auke tilskotsnivået til programarbeidet.

SIVA har revidert tilskotsmodellen sin og evaluert næringshagane. Sognefjorden Næringshage har fått tilbakemelding om at SIVA er svært nøgde med utviklinga av næringshagen og har vald å auke tilskotsnivået til programarbeidet.

– Dette er ei svært gledeleg melding, seier styreleiar Atle Stalheim i Sognefjorden Næringshage.

– Opprykket er eit tydeleg signal på at bedriftene i nettverket gjer ein strålande jobb, og at Sognefjorden Næringshage leverer relevante tenester til næringslivet, supplerer Torgeir Skålid i Sogn Næring, som opererer næringshageprogrammet.

Årelg tilskot på 1,7 millionar

Tidlegare har tilskota vore gruppert i tre ulike nivå, i intervallet 1 200 000 kroner til 2 250 000 kroner. Sognefjorden Næringshage har vore plassert på det lågaste nivået.

Den nye modellen har fire nivå og arbeidet i nettverket vårt er flytta opp til nivå 3. Dette gir oss eit årleg tilskot på 1 700 000 kroner. Innplassering i modellen kjem på bakgrunn av 22 indikatorar knytt til næringshagane sine resultat og potensiale, innan desse kategoriane:

  • Aktivitet i næringshagen
  • Kundetilfredshet
  • Addisjonalitet
  • Utviklingssamtale
  • Måloppnåing jfr handlingsplan
  • Næringshagen sitt økosystem
  • Vekst i omsetning og verdiskaping

I tillegg til å auke dei ordinære tilskotsrammene, lanserer SIVA søkbare midlar for næringshagar som vil utvide geografien sin, utvide aktivitet med forsterka bransjesatsingar eller til nasjonale konsortium med spisskompetanse på internasjonalt nivå innan ein en spesifikk bransje.

 

 

 

Gasta Design