Styrkar samarbeidet for utvikling i Sogn

Sognefjorden Næringshage og Sogn Næring har inngått ny samarbeidsavtale som styrkar satsinga på næringshageprogrammet i Sogn.

-Vi er glade for å styrke banda våre til Sogn Næring og soleis kunne levere eit enda betre tilbod til bedriftene i Sogn, seier dagleg leiar i Sognefjorden Næringshage AS, Mette Bakketun.

Dagleg leiar Torgeir Skålid i Sogn Næring AS føl opp:

-I snart 11 år har vi samarbeidd om bedriftsretta utviklingsarbeid i regionen. Det er stort potensiale og mange felles utfordringar for bedriftene i Sogn. Desse står vi no enda betre rusta til å møte.

Det er Siva og Vestland Fylkeskommune som lyser ut næringshageprogrammet som går frå 2023 til 2032. Visjonen for programmet er å utvikle eit berekraftig og framtidsretta næringsliv i distrikta gjennom å bidra til auka verdiskaping basert på regionale kvalitetar og tilrettelegging for utvikling av berekraftige og omstillingsdyktige bedrifter. Næringshageprogrammet skal og bidra til å skape levande lokalsamfunn, tilgang til kompetanse og vekst i heile Distrikts-Norge.

Sognefjorden Næringshage og Sogn Næring vert likeverdige partar i samarbeidet. Formelt vert Sognefjorden Næringshage skal vere søkar og alliansen sin kandidat som operatør av næringshageprogrammet, medan Sogn Næring er medoperatør. Arbeidet med programmet vert leia av eit programstyre med representasjon frå begge selskapa og begge organisasjonane skal ta del i alle relevante fora som omhandlar næringshageprogrammet.

-Vi gler oss til å gje samarbeidet denne vitamininnsprøytinga, seier Bakketun. -Dei næraste månadane skal vi nytte til å jobbe både dei tilsette og styra våre enda tettare saman, og utvikle effektive tenester med høg kvalitet.

Målet for samarbeidet er eit best mogeleg tilbod til næringslivet og effektiv bruk av ressursane sett av til næringshageprogrammet. Det er og ei målsetjing at næringslivet i regionen skal oppleve eit heilskapleg, samordna og saumlaust offentleg verkemiddelapparat for næringsutvikling.

-I løpet av 2023 vil summen av Sognefjorden Næringshage og Sogn Næring truleg passere 10 årsverk, fortel Skålid. -Dette gjer alliansen til den desidert største utviklingskapasiteten for næringslivet i Sogn, og vil løyse ut mykje aktivitet i regionen.

Siva og Vestland Fylkeskommune nytta rein differensiert modell for tilskot i næringshageprogrammet. Det vert gjennomført omfattande differensieringsanalyser av alle programoperatører annethvert år og programoperatørane kjemper på ein nasjonal konkurransearena. For alliansen i Sogn er det ei målsetjing  hevde seg godt i konkurransen og klatre i «hierarkiet».

-Vi trur vi går inn i den nye programperioden enda sterkare enn ved førre utlysing. Dei to organisasjonane har utvikla seg sidan 2010 og har no ein heilt anna styrke og kompetanseprofil. Vi gler oss til å bistå næringslivet i Sogn framover, avsluttar Bakketun.

Torgeir Skålid