Nye moglegheiter i Sparebanken Vest sitt næringsfond! Søknadsfrist 27. mai.

Sparebanken Vest sitt næringsfond region Sogn og Fjordane gir starthjelp til gode forretningsidèar som kan skape nye arbeidsplassar samtidig som dei bidreg aktivt til grøn omstilling og berekraftig utvikling i samfunnet vårt .

Har du ein god idé som kan verte ei ny teneste eller eit nytt produkt innanfor grøn omstilling og berekraftig utvikling – men manglar pengar? Da må du søke Sparebanken Vest sitt næringsfond.

Hugs å legge ved budsjett, og legg også ved prosjektbeskrivelse om du har.

Søknadsfrist er 27.mai.

Styret handsamer innkomne søknader den 15.juni.

Mette Bakketun